Resultata for Hovderittet

Klar til start!
Nokre minutt før startskotet går for Hovderittet 2015.

Då er første utgåve av Hovderittet historie! Mange flotte tilbakemeldingar frå deltakarar og publikum fortel om eit vellykka arrangement. Perfekt ver, god deltaking og ei fin ramme rundt rittet. Det var mange blide fjes å sjå. Dette må vi få til igjen! Ei stor takk til alle som har vore med å bidratt!

Les vidare for resultat, bilder og stemningsrapport.

Continue reading →

Særs gode resultat under Nordfjordrittet

11248798_10155675209315092_4486316200877264254_n
David på seierspallen

Gratulerer til talentfulle David Dagestad Myklebust med ein imponerande 3. plass under Nordfjordrittet. Seier gikk til Ålesund OCK med to mann i brudd. Nokre minutt bak kom forfølgergruppa jagande, og med ein kraftspurt av dei sjeldne gjorde David kort prosess opp dei bratte bakkane mot mål på Vereide. Like bak, på 6. plass følgte Olav-Andre Myklebust. Sterkt!

Continue reading →