Resultata for Hovderittet

Klar til start!
Nokre minutt før startskotet går for Hovderittet 2015.

Då er første utgåve av Hovderittet historie! Mange flotte tilbakemeldingar frå deltakarar og publikum fortel om eit vellykka arrangement. Perfekt ver, god deltaking og ei fin ramme rundt rittet. Det var mange blide fjes å sjå. Dette må vi få til igjen! Ei stor takk til alle som har vore med å bidratt!

Les vidare for resultat, bilder og stemningsrapport.

Resultat

Resultata finn du her: Hovderittet2015_resultat

Hovderittet i media

Lokalpressa stilte opp med gode reportasjar frå rittet. Både Sunnmørsposten, Møre Nytt og Møre var tilstades. Kjekt! Trykk på linkane for å lese artiklane.

Bilder frå rittet

Her fylger eit utvalg bilder. Endå fleire bilder finn du på facebooksida til Ørsta sykkelklubb.

IMG_8910
4 av dei 7 som stilte i trimklassa. God innsats frå den komande generasjon syklistar!
_MG_6402
Klart til start! Med 39 påmelde var det eit brukbart felt.
IMG_8915
Få minutt til start. Spent stemning både blant deltakarar, publikum og arrangør!
IMG_8919
Hovderittet 2015 er i gong! Stødig anført av Tov Lerheim, leiar i Ørsta Sykkelklubb, med masterbil dei første par hundre meterane.
IMG_8929
Feltet vel avgårde. Den første av 3 runder.
IMG_8939
I starten av andre runde ber det rett inn i eit heftig stiparti. Full gass på fine stiar oppover skogen!
IMG_8968
Tetgruppa susar igjennom lysløypa.
IMG_8971
Spesielt artig var det at mykje publikum hadde funne veien ut i løypa. Det hjalp på motivasjonen for hardt kjempande syklistar. Artig var det også for publikum at alle sykla 3 runder i samme løypa.
IMG_8972
Den lokale helten Ben Erik Sira vart nest beste ryttar frå arrangørklubben. Har her mista tetgruppa, men kjempar ufortrødent vidare og susar inn til ein sterk 3. plass i klasse 40-49.
IMG_8978
Fleira kjem susande gjennom skogen. Ingenting å seie på dei tekniske ferdigheitene til deltakarane!
IMG_8992
Dette er ei skiløype vinterstid, men i dag var det syklistane som regjerte!
_MG_6426
Espen Utgård Sæther frå Sykkylven SK, vinnaren av årets ritt. Han opparbeida seg ei luke på andre runda og holdt unda heilt til mål. Forfølgjargruppa kom halsande som svoltne ulvar berre 10 sekund bak.
_MG_6427
Knallhard spurtduell om 2. og 3. plassen. Ørsta SK’s eigen superhelt, David Dagestad Myklebust viste sterke takter gjennom heile løpet men måtte til slutt ta til takke med 4. plassen. Likevel imponerande frå ein landevegssyklist å yppe seg mot den regionale terrengeliten!
IMG_9003
God steming etter målgong! Kaker og frukt til alle.
IMG_9015
Resultatlista er komen på veggen. Den blei nøye studert, diskutert og analysert.
IMG_9011
Bilde frå målområdet. I bakgrunnen: Hovdeåsen og løypetraseen.