Hovderittet

OBS! Hovderittet er i 2017 flytta til Bondalseidet, og heiter no Ørsta Rundbane. Meir info her.

 

Hovderittet. Arrangør: Ørsta sykkelklubb

Resultatliste Hovderittet 2016.

Resultatlista for 2016 finn du her

Ørsta Sykkelklubb arrangerer også i år rundbaneritt rundt Hovdevatnet i Ørsta. Det vert 1-3 runder alt etter klasse. Start og mål er ved Hovden Møbel i Hovdebygda, ca. 4 km. frå Ørsta sentrum retning mot Volda.

Påmelding: Trykk her for førehandspåmelding på nett.

Rittleiar er Kjetil A Myklebust. Telefon 92224287.

Rittet vert arrangert i samarbeid med Dei Nynorske Festspela som går av stabelen same veka. Etter rittet vert det høve til å ete seg ein god Hovderitt-meny med pasta og anna godt på Aasentunet. Der har ein òg høve til å sjå seg rundt og oppleve korleis det var på Ivar Aasen si tid. www.festspela.no

Løypebeskriving – Det vert fellesstart for alle der ein tek ei sløyfe utover mot Hovdevatnet. Tidtaking startar etter masterstarten. Etter masterstarten syklar vi på grusveg ned mot «Rompa» og vidare på ein traktorveg/sti langs Hovdevatnet, vidare på sti opp ein seig bakke på omlag 1,5 km. som flatar ut og kjem inn på ein asfaltert veg. Etter ca. 1 km. med asfalt, kjem vi inn på ein grusveg som m.a. går over eit tunelltak. Ein kjem då inn på ein veg med grus og asfalt som går i ca. 2 km. inn til passering/mål på nedsida av Hovden Møbel.

På 2. og 3. runda, syklar vi vidare frå passering i omlag 1 km. på ein sti som først går litt ned ein smal sti like bakom Hovden Møbel og så opp ein seig bakke og vidare i ei lysløype til vi kjem inn på ein traktorveg/grusveg og kjem inn på der vi sykla langs Hovdevatnet etter masterstarten.

hovderittet-kart

hovderittet-profil

Kvar runde er 6,7km og ca. 108 høgdemeter. Menn senior syklar totalt 3 runder. Meir info finn du lengre nede på sida.

Påmelding, klasser og startkontingent

Trimklasse –  1 runde á 6,7km utan tidtaking.
Startkontingent: Kr. 50,-
Påmelding i startområdet (seinast 1 time før start)
Start kl. 12.10.

Turrittklasse – 3 runder á 6,7km. Totalt 20km.
Startkontingent: Kr.150,- (+ evt. NCF eingongs lisens Kr.150,-)
Start: kl. 13.00.

Ungdomscup
I år er vi også ein del av ungdomscupen i fylket. Med unntak av M15-16 brukar vi ei enklare og kortare løype. Sjå kart her.
Startkontingent: Kr.50,- (+ evt. NCF eingongs lisens Kr.50,-)
Start: kl. 12.00.

K11-12: 1 runde
M11-12 / K13-14: 2 rundar
M13-14 / K15-16: 3 rundar
M15-16: 2 rundar i den ordinære Hovderittløypa

Det vert premie til dei tre beste i kvar klasse, pluss uttrekk. Ungdomscupen er sponsa av sykkelbutikken Reser i Molde.

Alternativt kan du melde deg på ved å sende e-post til: kam@tussa.com (Husk å skrive fullt navn, klubb, fødselsdato, e-post, telefon og klasse)

Frist for førehandspåmelding for turrittklasser er fredag 24. juni. Påmelding er ikkje gyldig før betaling er registrert. Kontonummer: 3992 04 55216. Etterpåmelding ved Hovden Møbel mot ei ekstra avgift på kr.150,-. Siste frist er ein time før start.

Klasseinndelinga for turritt består av ryttarar som i konkurranseåret fyller:

Menn                          Kvinner
17 – 19 år  M17       17 – 19 år         K17
20 – 29 år  M20       20 – 29 år         K20
30 – 39 år  M30       30 – 39 år         K30
40 – 49 år  M40       40 – 49 år         K40
50 – 59 år  M50       50 – 59 år         K50
60 – 69 år  M60       60 – 69 år         K60
70 år  +      M70       70 år +               K70

Anna informasjon

Service – Drikkestasjon ved passeringar ved Hovden Møbel. Røde Kors vil vere ute i løypa. Vår hovudsponsor Sport 1 Ørsta stiller med eigen bod og tilbod om sykkelservice.

Garderober – Garderober med dusjmoglegheiter vert på Hovden Skule i Hovdebygda med inngang på nedsida av skulen.

Rittreglar – Rittet vert arrangert etter NCF sine lover og reglar. Ryttarar må rette seg etter arrangøren sine instruksar, vanlege trafikkreglar og skiltanvisingar. Arrangøren bed deltakarane om å vise omsyn til kvarandre, publikum og andre.

Premiering – Det vert flotte uttrekspremiar. I ungdomscupen er det også premie til dei tre beste i kvar klasse. I målområdet vert det drikke og noko å bite i til alle.

Overnatting – Det er fleire moglegheiter for overnatting i Ørsta. I sentrum finn du Hotel Ivar Aasen (Ja, nynorsken sin far kjem frå Hovdebygda i Ørsta).  www.hotellivaraasen.no

På Øye (ved Hjørundfjorden) ligg «spøkelseshotellet» Hotel Union Øye med fantastiske omgjevnadar. www.unionoye.no

På Sæbø har vi Sagafjord Hotel som òg har fantastiske omgjevnadar. www.sagafjordhotel.no

Ørsta Camping har m.a. hytteutleige, www.orstacamping.no

Det finnast òg ei mengde andre private løysingar.  Kontakt Ørsta Reiselivslag på tlf 70068518. Les meir om Ørsta på www.orstainfo.no.

 

Våre sponsorar og samarbeidspartnarar:

Vår rittsponsor og hovudsponsor
Ørsta Sport AS er vår rittsponsor og hovudsponsor

 

Vår samarbeidspartnar.
Vår samarbeidspartnar.
Sponsing av hengar.
Takk til Shell Ørsta for sponsing av hengar!
Takk til Aurstad for sponsing av grus
Takk til Aurstad for sponsing av grus.

 

Program-Festspela