Sykkelsti i Sledalen

Gjer Bondalen til sykkeleldorado

<strong>Ny sykkelrås:</strong> Den raude linja viser om lag kvar sykkelråsa er tenkt å gå innover Sledalen frå startpunktet på Rekkedal skule. Leiar i Ørsta Sykkelklubb, Tov Lerheim (innfelt) gler seg over pengane frå Gjensidigestiftelsen som vil sørge for at dei kan kome i gang med prosjektet til våren. Den raude linja viser første fase. Deretter er planen å lage sykkelrås heilt frå Rekkedalsetra, med samla lengde 12 km t/r.

Ny sykkelrås: Den raude linja viser om lag kvar sykkelråsa er tenkt å gå innover Sledalen frå startpunktet på Rekkedal skule. Leiar i Ørsta Sykkelklubb, Tov Lerheim (innfelt) gler seg over pengane frå Gjensidigestiftelsen som vil sørge for at dei kan kome i gang med prosjektet til våren. Den raude linja viser første fase. Deretter er planen å lage sykkelrås heilt frå Rekkedalsetra, med samla lengde 12 km t/r.

Ørsta Sykkelklubb får 100.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til å lage sykkelrås på Rekkedal.
– Vi ønskjer å lage ei attraktiv sykkelløype i slak nedoverbakke i skog og mark, som er allsidig og som passar for både enkle familieturar, i tillegg til at der er utfordringar for dei som vil ha det, seier leiar i Ørsta Sykkelklubb, Tov Lerheim.

Dugnad

Han vart ein svært glad mann då Møre-Nytt kunne fortelje at klubben får tildelt midlar frå Gjensidigestiftelsen.

– Det er topp. Vi kjem langt med desse pengane. Så får vi håpe at dugnadsånda også er til stades, seier han.

For det er mykje arbeid som skal til for å få realisert råsa.

– Vi må byggje fleire klopper, altså treplankar som vi legg over myr og vatn slik at det vert lettare å sykle, fortel Lerheim. Ideen til sykkelråsa er det han som har kome med, og han har sykkelklubben i ryggen.– Vi treng ei slik rås. Det finst ikkje liknande i Ørsta eller Volda per i dag, utan at det er meir ekstrem downhill. Det passar ikkje for alle. Dette er ei såkalla flytrås. Her kan heile familien vere med fordi det er slakk bakke, også kan folk tilpasse farta etter eige behov og alt etter kor store utfordringar dei vil ha, om du køyrer aleine eller er på søndagstur med heile familien.

Råsa vil ha ei høgdemeter på rundt 200, og totallengda, når begge fasane er gjennomført, heilt opp til Rekkedalsetra, vil vere på om lag 12 kilometer tur/retur.

Attraktiv

Løypa skal starte på Rekkedal og følgje eksisterande seterveg til Rekkedalsetra. Etter 4 kilometer går løypa inn i skogen, 50–100 meter frå vegen.

– Råsa vil ligge i attraktive sløyfer med ulike utfordringar, skildrar Lerheim.

Det er også slik at dei som ikkje vil sykle heile løypa, enkelt kan kome seg tilbake til vegen.

– Det fine med dette er at vi får ei skikkeleg sykkelrås for heile familien i vår eigen bakhage. Så slepp vi å reise til Hafjell og Trysil for å oppleve det.

Sykkeldestinasjon

Planen er å starte opp arbeidet med råsa i vår slik at første fase står klar til i sommar. Deretter vil dei starte opp fase to til hausten igjen, slik at heile løypa står klar til sommaren 2017. Avtalar med grunneigarane er også orda med. Totalt har dei ei kostnadsramme på 375.000 kroner.

– Vidareføringa etter at råsa er ferdig vil det vere Ørsta Sykkelklubb som tek seg av på dugnad, og vi vil vidareutvikle området i Bondalen til å verte ein sykkeldestinasjon for heile familien. Dette vil også skape ei svært god helseeffekt med å få fleire ut i naturen, seier Lerheim, som håper at mange fleire enn Ørsta Sykkelklubb sine 200 medlemer vil sjå nytta og gleda ved satsinga deira på Rekkedal.