Ørsta rundbane

Ørsta rundbane

Ørsta Rundbane er eit fartsfylt og artig terrengsykkelritt som vert arrangert i lysløypa og området ved Bondalseidet skisenter. Det vert 1-5 runder alt etter klasse.  Start, passering og mål er ved varmestova/kafèen.  I år er tredje gong Ørsta Sykkelklubb arrangerer dette rittet, etter at vi i 2017 valgte å flytte Hovderittet (info om hovderittet her) frå Hovdebygda til Bondalseidet.

Tid: Søndag 25. august 2019. Stad: Ørsta Skisenter, Bondalseidet (kart)

Rittleiar er Espen Rekkedal mobil 95777108

Løypebeskriving Turritt – Det vert fellesstart for alle der det raskt vil smalne inn til ei rås. Ein syklar då litt utover langs råsa og ned ei lita sløyfe mot langrennstadion og opp og utover på ein grusveg. Lenger ut i løypa tek ein opp ei rås opp gjennom skogen. Vidare går løypa i rås og mark i øvre del av lysløypa tilbake til barnetrekket der en tek ei sløyfe opp og bort til storetrekket og bak heishuset der ein vender tilbake til passering/mål.

.

Påmelding, klasser og startkontingent

Trimklasse –  2 runder á 4 km utan tidtaking.
Startkontingent: Kr. 50,- (+ evt. NCF lisens Kr.50,-)
Påmelding i startområdet
Start kl. 12.10.

Turrittklasse – 5 runder á 4 km. Totalt 20km.
Startkontingent: Kr.150,- (+ evt. NCF lisens Kr.150,-)
Start: kl. 13.00.

Siste påmeldingsfrist er 20 minutt før start.
Førehandspåmelding er ikkje gyldig før betaling er registrert.
Kontonummer: 3992 04 55216.

Klasseinndelinga for turritt består av ryttarar som i konkurranseåret fyller:

Menn                          Kvinner
17 – 19 år  M17       17 – 19 år         K17
20 – 29 år  M20       20 – 29 år         K20
30 – 39 år  M30       30 – 39 år         K30
40 – 49 år  M40       40 – 49 år         K40
50 – 59 år  M50       50 – 59 år         K50
60 – 69 år  M60       60 – 69 år         K60
70 år  +      M70       70 år +               K70

Anna informasjon

Service – Drikkestasjon ved passeringar og mål ved varmestova. Sanitet vil vere ute i løypa. Vår hovudsponsor Sport 1 Ørsta stiller med eigen bod og tilbod om sykkelservice.

Garderober – Garderober med dusjmoglegheiter vert på Sportskapellet ca. 200 meter frå varmestova med inngang på nedsida.

Rittreglar – Rittet vert arrangert etter NCF sine lover og reglar. Ryttarar må rette seg etter arrangøren sine instruksar, vanlege trafikkreglar og skiltanvisingar. Arrangøren bed deltakarane om å vise omsyn til kvarandre, publikum og andre.

Premiering – Det vert flotte uttrekspremiar.  I målområdet vert det drikke og noko å bite i til alle.

Overnatting – Det er fleire moglegheiter for overnatting i Ørsta. I sentrum finn du Hotel Ivar Aasen (Ja, nynorsken sin far kjem frå Hovdebygda i Ørsta).  www.hotellivaraasen.no

På Øye (ved Hjørundfjorden) ligg «spøkelseshotellet» Hotel Union Øye med fantastiske omgjevnadar. www.unionoye.no

På Sæbø har vi Sagafjord Hotel som òg har fantastiske omgjevnadar. www.sagafjordhotel.no

Ørsta Camping har m.a. hytteutleige, www.orstacamping.no

Det finnast òg ei mengde andre private løysingar.  Kontakt Ørsta Reiselivslag på tlf 70068518. Les meir om Ørsta på www.orstainfo.no.

Vi sjåast på Bondalseidet 25. august!

Våre sponsorar og samarbeidspartnarar:


Ørsta Sport AS