Gateritt for born og ungdom

Resultat frå gaterittet 2016 finn du her.

God stemning og mange blide ungdommar å sjå under fjorårets gateritt
God stemning og mange blide ungdommar å sjå under fjorårets gateritt

Ulstein og Omegn Sykkelklubb og Ørsta Sykkelklubb skal arrangere eit sykkelritt i Ulsteinvik sentrum søndag 4. september. Dette vert eit rundbaneritt for born og ungdom 6-16 år. Løypa er på 900 meter, fokus er på teknikk og høg intensitet. Deltakarane skal sykle eit bestemt tal rundar tilpassa alder. Gateritt er spanande og populært blant både utøvarar og publikum!

Påmelding fram til kl. 12.30 rittdagen. Deltaking kr. 50. For aldersgruppe 13-16 år kjem lisens på kr. 50 i tillegg. Arrangøren er glad for førehandspåmelding til erlend.andersen@domstol.no!

Klassedeling:
K/M 6-9 år, K/M 10 år, K/M 11-12 år, K/M 13-14 år og K/M 15-16 år. Dei yngste kan stille med valfri sykkel. Årsklasse 11-16 år inngår i ungdomscupen i fylket. Racersykkel er absolutt å anbefale for dei to eldste klassene. Hugs også hjelm!

 

Alder Rundetal Ca. tid (minutt) Starttid
6 2 5 13.00
7 3 8 13.00
8 4 10 13.00
9 5 12 13.00
10 6 15 13.20
11-12 10 20 13.20
13-14 15 28 13.50
15-16 20 35 13.50

 

Løypa blir avstengd under arrangementet, frå kl. 13.00 – 14.30. Arrangøren har mange vakter rundt løypa, for å sikre tryggleiken til deltakarane. Der vil også vere dommarar frå sykkel-forbundet for å ivareta regelverk og tryggleik.

Løypekart. Løypa går med klokka.
Løypekart. Løypa går med klokka.

Premie til alle! I årsklasse 10-16 år vert det utarbeida resultatliste.

Dette er siste rittet i ungdomscupen Møre og Romsdal i år. Du treng likevel ikkje å ha vore med i sykkelritt tidlegare for å stille til start i dette rittet. Cupen er for årsklasse 11-16 år. Hovudsponsor i år er sykkelbutikken Reser i Molde. Etter gaterittet er det klart kven som vinn samanlagt i dei ulike klassene, og det vert delt ut gåvekort til dei tre beste i kvar klasse. Det vert også trekt ut gåvekort blant deltakarane.

Ta med familien din og bli med i eit spanande sykkelritt!

Vel møtt!

Ulstein OSK og Ørsta SK

Frå gaterittet 2015: Dei yngste gjer seg klare til start.
Frå gaterittet 2015: Dei yngste gjer seg klare til start.